Fitjar Skulekorps

Ein trygg og inkluderande arena for musikalsk og sosial utvikling

Glede

Klare musikalske mål, positiv haldning,, og rom for at alle kan være seg sjølv og utvikla seg til det beste av seg sjølv

Meistring

Tilpassa repertoar og individuelle omsyn medfører meistringskjensle og auka lyst til å spela meir

Trivsel

Me inkluderar alle i fellesskapet, ingen skal vera åleine. Vennskap på tvers an alder og kjønn gir godt samhold
På NM-pallen for fjerde år på rad!

På NM-pallen for fjerde år på rad!

Tirsdag, 23 Juni 2026

Fitjar skulekorps leverte ein framifrå prestasjon under NM for skulekorps lørdag 20. juni, då korpset sikra seg ein sterk tredjeplass i 2. divisjon.

Meisterskapen er delt inn i fire divisjonar, og i 2. divisjon konkurrerte ti av dei beste skulekorpsa i landet. Tredjeplassen stadfestar den sterke posisjonen Fitjar skulekorps har etablert nasjonalt. Korpset har no plassert seg blant dei tre beste i sin divisjon, fire år på rad, noko som vitnar om eit stabilt høgt musikalsk nivå over tid.

Under konkurransen framførte Fitjar skulekorps verket Compostella – det mest avanserte stykket korpset nokon gong har arbeidd med. Framføringa var resultatet av månader med målretta øving, stor innsats frå musikantane og inspirerande musikalsk leiing av Svein Roger Koppang.

Musikantane har vist ein imponerande vilje til å utvikla seg og ta utfordringar. Compostella stilte store krav både teknisk og musikalsk, og det at dei leverer ei slik framføring på NM-scena er noko dei verkeleg kan vera stolte av.

Resultatet kronar ein sterk sesong for korpset og understrekar den positive utviklinga som har prega arbeidet gjennom fleire år. Dei siste fire åra har Fitjar skulekorps vore på NM-pallen kvart einaste år, noko få korps kan visa til. Prestasjonen er eit resultat av langsiktig arbeid frå musikantar, dirigent, instruktørar, styre, føresette og andre støttespelarar.

Fitjar skulekorps gratulerer også våre gode korpsvener i Sunnhordland med flotte prestasjonar under NM. Tysnes skulekorps tok sigeren i 4. divisjon, Moster skulekorps sikra sølv i same divisjon, og Sagvåg skulekorps gjorde ein solid innsats i 3. divisjon. Me er stolte over å vera ein del av eit så sterkt og inkluderande korpsmiljø i regionen. Fitjar skulekorps ønskjer å takka alle som har støtta korpset gjennom sesongen. Den nye NM-medaljen viser kva som er mogleg når unge musikantar får høve til å utvikla seg i eitsterkt musikalsk og sosialt fellesskap.

Dirigent, Svein Roger Koppang

Dirigent

Sidan 2007 har dirigent Svein Roger Koppang vore dirigent for Fitjar skulekorps, samt lærar for instrumentopplæringa gjennom Fitjar Kulturskule.

Svein Roger kjem frå Sagvåg, er gift og har 3 barn. Han har dirigert Fitjar skulekorps siden 2007. Han har sjølv trompet som hovedinstrument og sjølv spelt i korps i mange år og ivrar for eit korps som balanserer høgt nivå med rom for alle.

Bli med og spill med oss
Registrer deg i skjemaet og bli med i korpset.
styreleiar@fitjarskulekorps.no
Fitjar Kultur- og Idrettsbygg
Søk
Driftes av Styreportalen AS